Vreng – Del 1
Ein konsertserie der tradisjon møter eksperimentell musikk

IKUE MORI og KNUT HAMRE
I Visningsrommet USF
12. oktober 2017 // kl. 19.00 // kr 150
Første konsertkveld opna med samspel med den legendariske spelemannen Knut Hamre frå Granvin på hardingfele, og impro- og elektronikkpionéren Ikue Mori frå Japan (busett i New York) på laptop. So spelte dei kvart sitt sett med stor musikk og særeigne uttrykk. Ein solid opning av konsertserien!
REOLÔ
I Studio USF 12. desember 2017 // kl. 19.00 // kr 150
Tingingsverket frå Hilme-stemnet er tradisjon i ny drakt, nykomponerte slåttar og streif innom både Vest-Afrika og India på vegen gjennom norske dalføre. To særs spanande og nyskapande duoar; brørne Hans & Rasmus Kjorstad og Røine/Hulbækmo står bak verket Reolô.
SLAGR
I Studio USF 8. februar 2018 // kl. 19.00 // kr 150
Slagr gir oss dronete og seindregen musikk i folkemusikalsk drakt, og eitt lydunivers med fargar frå middelaldermusikk, tradisjonsmusikk og vår eiga samtid. Lydbilete er grenselaust med cello, hardingfele og vibrafon som både kontrasterer og kompletterer kvarandre. Med Anne Hytta, Amund Sveen og Katrine Schiøtt.
INGFRID BREIE NYHUS og ANDRÉ VIDA
I Visningsrommet USF
17. april 2018 // kl. 19.00 // kr 150
Ingfrid Breie Nyhus tek oss med ‘Slåttepiano’ til djupna av folkemusikkarva vår, med hardingfeleslåttar omarbeidd for klaver. Spelt med eit stort overskot og eigenart, som ber preg av å ha vakse opp tett på slåttemusikken.
Amerikanske André Vida, busett i Berlin, er ein eksperimentell komponist og jazzsaksofonist,
kjend for uortodokse arrangement, bruk av samples, og partitur for ei ny tid.
Me gler oss til å høyre kva han og saksofonane hans kjem med til VRENG.
Konsertserien VRENG bringer saman folkemusikkbaserte musikarar i nye settingar, i kombinasjon med kontrasterande uttrykk frå eksperimentell musikk.
Del 1 i serien går frå oktober 2017 til april 2018. Konsertane skjer i intime lokale – anten i kunstgalleriet Visningsrommet USF eller i blackboxscena Studio USF. Billettar blir selt online på Ticketmaster.no eller ved inngangen. Me oppfordrar til å kjøpe online. Medlemmar av nyMusikk får rabatt.
VRENG er eit samarbeid mellom Ny Musikk Bergen og USF Verftet. Støtta av Norsk Kulturråd.

Legg igjen en kommentar