USAL: Smalprat med Kjell Samkopf

Me i nyMusikk Bergen gler oss til å halde tre kveldar med Smalprat med komponist og perkusjonist Kjell Samkopf!

Dette er ein del av vår 100-årsmarkering av Komponistforeningen.

 

Nymusikkbergen2_small

Dette er ein serie huskonsertar i Prøvesalen på Griegakademiet under overskrifta USAL (Uninterrupted Sustained Attentive Listening). Her blir publikum presentert for eit lydkunstverk, som me høyrer på i hovudtelefonar. Etterpå har me høve til å ha ein samtale med komponisten.

På same måte som biletkunst gir oss høve til å utvikle vår evne til å sjå, gir lydkunst oss høve til å utvikle vår evne til å lytte. Gjennom våre liv har me utvikla vår lytting til en vanestyrt handling. For å bryte denne vanen, trengs det ihuga anstrenging.

Kjell Samkopf baserer sitt lydkunstarbeid på kjensgjerninga: Alt me rettar vår merksemd mot, forandrar karakter.

Det foregår følgende søndager kl 19 i Prøvesalen på Griegakademiet:

22. oktober

5.november

19.november

Info om Samkopf: https://no.wikipedia.org/wiki/Kjell_Samkopf

Me oppfordrar publikum til å ta med sine eigne favoritthovudtelefonar, for dei som har dette.

Cd-en til verket me høyrer på er å få kjøpt for eit tillegg på kr 50,-

NB!!!!
På grunn av avgrensa tal på plassar kvar kveld, må alle som ynskjer å delta sende ein e-post til bergen@nymusikk.no


Posted

in

by

Tags:

Comments

Legg igjen en kommentar