Polygon 2. mai!

Polygon

POLYGON er eit fleksibelt kammerensemble med Bjørnar Habbestad og Ellen Ugelvik som kunstnarlege leiarar. POLYGON kombinerer ei kammermusikalsk nylesing av sentrale verk frå den europeiske kunstmusikalske kanon med tingingsverk og samarbeid med komponistar om utvikling av nye verk.
Tårnsalen, lørdag 2. mai kl 20:00. Inngang kr 100/70.
I samarbeid med Avgarde.

Program:
Ruben Sverre Gjertsen – Leftovers; Murmurand; Collideroscope
Rebecka Ahvenniemi – Delicte manouvers
Salvatore Sciarrino – 3 notturni brilliante
Sigurd Fischer Olsen – Winterludes

Medvirkende:
Bjørnar Habbestad, fløyte; Ingfrid Breie Nyhus, piano; Kristine Tjøgersen, klarinett; Torun Stavseng, cello; Bendik Foss, bratsj; Kari Rønnekleiv, fiolin

Det klassiske, kanoniserte repertoaret har gode kår i det norske musikklivet i dag. Likeeins er institusjonar og festivalar opptekne av nyskaping – i form av tinging av heilt nye verk og prosjekt. I mellom det heilt nye og det tradisjonelle repertoaret finst det difor musikk som sjeldan eller aldri vert framført. Sentrale verk i frå 70, 80 og 90-talet vert gjerne gjort ein gong ved ein festival av eit gjestande ensemble, og aldri sidan. Kanskje kan ein hevde at arven etter Grieg og det nasjonale fokuset i tida etter 2. verdskrig har skygga for repertoarutviklinga i norske orkester og ensemble?

Polygon ynskjer å bidra til at dette repertoaret vert utvikla ut over einskilde framføringar på nisjefstivalar. Målet er å utvikle ein kammermusikalsk praksis som bidrar til å løfte fram dette repertoaret i norsk musikkliv. POLYGON tingar svært gjerne nye komposisjonar av norske komponistar, som t.d. Ruben Gjertsen. Men nyskaping kan òg finne si form gjennom norske førstegongsframføringar. Som eit eksempel sto POLYGON for Noregspremieren av Morton Feldman sitt stykke Crippled Symmetry.


Posted

in

by

Tags:

Comments

Legg igjen en kommentar