Laurdag 29. november 14:00 på musikkavdelinga til Bergen Offentlige Bibliotek
CC: Gratis

Plakat: Tolga Balci
Denne laurdags formiddagen får vi besøk av to spennande duoar på musikkavdelinga til Bergen Offentlige Bibliotek, nemleg Vilde Sandve Alnæs (fiolin) & Inga Margrete Aas (kontrabass) og Leah Asher (fiolin) & Sanae Yoshida (piano).
Foto: Niklas Adam
Vilde&Inga speler akustisk fritt improvisert musikk med besetninga fiolin og kontrabass. Begge er klassisk skulerte med bakgrunn frå Norges Musikkhøgskole. Dei begynte å spele saman hausten 2010, og har sidan spelt ei rekke konsertar i inn- og utland. Våren 2014 ga dei ut sitt første album på ECM, Makrofauna, som dei hausta mykje god kritikk for. Saman utforskar dei instrumenta sine på utradisjonelle måtar og skaper eit breitt, organisk lydbilde med nyanserte klangfargar.
Foto: Presse
Pianist Sanae Yoshida og fiolinist Lea Asher er to dyktige, klassiske musikarar med ein mangfaldig bakgrunn. På denne konserten møtest dei for å framføre tre ulike og spennande verk:
«Det uunngåelige»
Grisey: Prologue for solo viola (16′)
Prologue er som eit langsamt ekko av informasjonsalderen. Musikken byggjer seg opp med ei celle av gangen, og skaper ein samtale mellom forvirring og form.
Ole Henrik-Moe: Eraser’s Edge (11′)
Eraser’s Edge er intens og uthaldande, med ein uforanderleg og gjennomgåande rask rytme som antydar ufråvikelege barrierer. Ein kan forstå verket som eit sjøvstendig system som alltid vender tilbake til samme stad. I mykje surrealistisk og dadaistisk kunst blir natur kombinert med industriavfall og kvardagsobjekt. I Eraser’s Edge kan vi sjå den livlege bassen i pianoet som ei maskin, viskelæret som eit kvardagsobjekt og den organiske fiolinen som naturen. I musikken blandar dei ulike elementa seg, og smeltar saman.
Xenakis: Dikhthas (15′)
Xenakis omtalte Dikhthas slik: “like a personage made of of two natures…a dual entity”. Igjen finn vi lengta etter å flykte. Fiolinen vil stadig unnsleppe pianoet sine avgrensa rammer. Ved ytterkanten av instrumenta finnast det ingen stad å bevege seg vidare til. Det uthaldande, desperate og i siste instans håplause ved Dikhthas, representerer den kvelande karakteren til eit dystopisk landskap.



Legg igjen en kommentar